Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 17.09.2012

    Riggar tett i tett i Ølensvåg

    Fire riggar ved verftet på ein gong er sjeldan kost.

    Sjeldan syn med fire riggar på ein gong. Foto: Øyvind Sætre/Westcon

     

    Odfjell-riggen Deepsea Bergen som kom i Westcon i slutten av førre veke, er siste som kom i denne runden. Dermed blir Ølensfjorden fylt med ikkje mindre enn fire boreriggar samstundes.

     

    Som tidlegare varsla er det høg aktivitet i marknaden for riggreparasjonar og vedlikehald, og ein hektisk haust for verftet i Ølensvåg.  Då boreriggen Deepsea Bergen kom Westcon for modifisering og oppgradering, var - COSLInnovator, COSLPromoter og West Alpha alt inne.

     

    -  Aktiviteten er høg om dagen og denne hausten ser bra ut, seier Malvin Eide, avdelingsleiar for riggreparasjon ved Westcon Yard.

     

    Eide konstaterer likevel at det er tøff konkurranse om oppdraga.

     

    - Hos Westcon har me dyktige og effektive fagfolk som gjennom mange år har opparbeida seg verdifull kompetanse. Samstundes har me investert i dei rette fasilitetane for riggoppdrag ved verftet.

     

    Store investeringar

    Dei siste årene har Westcon investert nær 200 millionar kroner i utbetring av verftet. Dette inneber blant anna oppgradering av kaianlegget, investering i ei kran som når over de største riggene og planering av sjøbotnen.

    - Me har installert sanddyner på sjøbotnen slik at jackup-rigger blant anna kan testa jekkefunksjonen. I tillegg har me bygd tilkomsttårn, som er høge nok og har dei nødvendige tilkoplingane til å kunna ta i mot dei største riggene, esier Eide.

     

    Han fortel at verftet samstundes stadig jobbar med å bli betre, og opplever at riggkundane er fornøgde ettersom dei kjem tilbake.

     

    Snart  hundre

    For både West Alpha og Deepsea Bergen er det fjerde gongen riggene er innom Westcon. Deepsea Bergen var første gong i Ølensfjorden i 1994, og var då ein av dei første store riggjobbene til verftet. Sidan den gong har nærare hundre riggar vore innom Westcon, og fleire vil det bli, ifølgje Eide.

     

    - Me er i dialog om fleire riggoppdrag til Westcon, så alt tyder på at også 2013 blir eit travelt år.

     

    I tillegg til riggene utfører forsyningsskipet Viking Avant oppgraderingar hos Westcon Yard.