Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 16.09.2012

    Lam med gode vekter

    Lam som passerer slaktelinja i Sandeid er tyngre enn på lenge på grunn av gunstige sommarbeite på fjellet.

    Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg ser ikkje vekk frå at det kan bli rekordvekt for lam i år.

     

    Jon Edvardsen

    Det er godt nytt for lommeboka til bonden.

    Gjennomsnittsvekta i veke 36 var 19,8 kilo og slakteriet ventar at vekta blir høgare utover i sesongen. I rekordåret 2005 var gjennomsnittvekta for heile landet 19,4 kilo. I fjor var snittet 18,4 kilo i Sandeid, og alt tyder på at det blir rekordvekt i år.

     

    Pulsen i slakteriet slår raskare enn vanleg i den hektiske sesongen når tusenvis skal ned frå fjellet. Veka som gjekk, var den aller travlaste med 12.000 lam som passerte slaktelinja hos Nortura Sandeid.

    Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg lover god kvalitet på fårikålen.

     

    Spente bønder

    Fabrikken er inne i ein periode på ni veker der det er skikkeleg trøkk på slaktinga av lam frå første veka i september og ut oktober.

    — Det er stor aktivitet som folk ser fram til og som engasjerer, både her hos oss og dei mange som hentar sauer ned frå fjellet. Dei er spente på vekt og klassar som gir utslag i prisen, seier Stokkevåg.

    Beste pris som er gitt så langt i haust er 68 kroner kiloen.

     

    Trailerar går i skytteltrafikk til Hardangervidda, Haukeli, Suldalsheiane og Etnefjella for å hente fjellspreke sauer. Til saman 15 bilar er på vegen.

    Og dei krulla i ulla har ete seg ekstra tunge denne sommaren.

    — Det har vore gode beite på grunn av snø i fjellet. Etter kvart som snøen smelta, har sauene hatt mykje frisk og godt gras å beite på, forklarar fabrikksjefen.

     

    Kjem tilbake

    Det er 55 sesongarbeidarar i sving på slakteriet, og arbeidstokken er nesten dobla samanlikna med dei 60 fast tilsette. Som i mange andre bransjar, er det austeuropearar som bidrar i arbeidstoppane. Av alle sesongarbeidarane er det åtte norske.

    — Det er ikkje lett å få tak i nordmenn til haustslaktinga lenger. Det er enklast med dei som kan norsk, men vi har vore heldige og fått mange stabile sesongarbeidarar frå Litauen som kjem igjen år etter år. I tillegg tar dei seg av å rekruttere nye blant familie og venner som dei går god for. Det fungerer veldig bra og vi sparar ein god del opplæring, seier Stokkevåg.

     

    Det var tilfeldig at to litauarar banka på døra ein sommardag for fem år sidan og spurte etter jobb. Der starta rekrutteringa. God behandling med likelønn og rettferdige ordningar skapar lojalitet og gir gode medarbeidarar som vil kome tilbake, understrekar ho.

     

    Bakteriejeger

    Det er berre i lammesesongen at fabrikken på Sandeid skjer ned dyr, og i hallen er det ti knivkyndige frå Polen som tar seg av skrottane. Litt lenger inne på produksjonslinja har Vitaliya Jurgutyte jobben med å saumfare snitta på skrottane med eit apparat med damp kombinert med vakuum. Kollegaen ved sidan av klipper av den yttarste delen av halsen.

     

    Begge delar er tiltak Nortura har gjennomført for å hindre at bakteriar slepp igjennom fram til matbordet. Klipping av ulla etter at sauene er slakta, er også eit slikt tiltak.

    Det er andre sesongen Jurgutyte frå Ukraina er hos Nortura i Sandeid.

    — Det er ein grei jobb, og eg trur eg vil kome tilbake neste år også, seier ho.

     

    Fleire lam

    Slakteriet måtte ta ein søndag i bruk fordi ekstra mange ville ha sauene ned på fjellet på ein gong. Kalkylen er at slakteriet får inn om lag 95.000 sau og lam i år, mot 85.000 i fjor.

    Både i Etne og Vindafjord er det vekst i talet på sauer. I 2011 var det 16.025 vinterfora sauer i Vindafjord, mot 16.578 i 2012. I Rogaland totalt sett er det ein nedgang på rundt 2.000.

     

    Stokkevåg viser rundt på klippelinja der åtte litauarar klipper kvar sin del av sauen i det køen går sakte framover. Parallelle band med same fart fører til at ulla heile tida går i den rette dungen.

    — Vi klipper færre sauer per mann enn då vi klipte levande sauer. Ein skal ikkje berre vere opptatt av volum i klippinga, men også kvalitet. Første sesongen sparte vi 1,4 millionar kroner, og det har nok blitt litt meir no. I tillegg er det langt betre for klipparane å stå og klippe avliva, hengande dyr enn å måtte bøye seg over dei levande. At sauene er våte, er også blitt eit mindre problem, seier ho.

     

    Ull i fart

    Sauene har ei lita databrikke i øyret som blir skanna så snart dyra er slakta. Dermed tar datamaskina over ansvaret for køa der vekt, klasse og ull blir registert på denne rette bonden.

    I ein meir stille del av slakteriet kjem ulla ut på eit band, og Hilde Fosen og Kristina Hundseid, begge frå Vikedal, sorterer i stor fart og bedømmer kvalitet og vekt som skal tilfalle den rette bonden.

     

    — Det er masse lett og fin telemarksull i dag. Den er ekstra fin på grunn av jordsmonnet og vegetasjonen i Vest-Telemark, blir det sagt, forklarar Fosen.

    Dei firbeinte kjem frå eit stort distrikt frå Voss og Bergen til Boknafjorden, indre Ryfylke og Vest-Telemark. I nærområdet er Nedstrand den bygda som leverer flest småfe til slakteriet.