Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 334

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 14.09.2012

    Rundtur med campingvogn

    Lokalpolitikarar med ny vri.

    Frp skal på rundtur med campingvogn til alle dei ni bygdene i Vindafjord. På bildet frå venstre Anne Lise Hegerland, Magne Skrunes, Inge Hegerland, Magnar Sætre, Svein Sæle, Nataliya Sætre og Aleksander Hegerland. Foto: Privat

    Av Jon Edvardsen

    Kommunepolitikar Svein Sæle har kjøpt campingvogn av eiga lomma for å kunne møte veljarane på heimebane.

    Turneen startar på Knapphus i dag, og deretter går det slag i slag til alle bygdene er besøkt. Frp i Vindafjord vil snakke direkte med fotfolket som har noko på hjartet.

    Målet er å besøkje kvar bygd éin gong i halvåret.

     

    Møte folk

    Det er ingen lang valkamp lokalpartiet er i gang med, verken for stortingsvalet neste år eller kommunevalet i 2015, bedyrar Svein Sæle som har plass i kommunestyret og formannskapet i Vindafjord.

    - Vi ønskjer å ta ombodsrolla på alvor og reiser rundt i bygdene først og fremst for å lytte, og ikkje for å overbevise folk om ideologien vår. Vi ønskjer innspel og meiningar, og kan kanskje med det sjå ting frå ein ny synsvinkel, seier han.

    Den ferske kommunepolitikaren punga ut med 17.000 kroner av eiga lomme for å gjennomføre ideen om å møte folk der dei bur.

    - Den skal nok gjere susen sjølv om vogna ikkje er av ny dato.

     

    Senke terskelen

    Under valkampen i fjor snakka dei om at det hadde vore greitt med ei campingvogn, og deretter har tanken om å reise rundt i bygdene utvikla seg.

    - Vi opplever at det ikkje er så lett å kome ut til folk. Dette er eit forsøk på å kome nærmare innbyggjarane og senke terskelen for kontakt. Det er ikkje sikkert det kjem så mange i starten, men etter kvart håpar vi det, seier Sæle.

    Sjølv om dei ikkje skal prakke politikk på folk, reknar han med at det er positivt for partiet å bli meir synleg. Etter Knapphus besøkjer dei bygdene på rekkje og rad med Imsland, Vikebygd, Ølensvåg, Isvik, Vikedal, Bjoa, Sandeid og Ølen til slutt den 19. desember. Torsdag ettermiddag er fast dag.