Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 12.09.2012

    Krev at kreditorane bidrar

    Ordførar Ole Johan Vierdal fekk eit knapt fleirtal for å gi Øyane Asvo i Etne økonomisk naudhjelp. Kravet er at kreditorane bidrar og at Vindafjord får halvparten av aksjane i selskapet.

    Ordførar Ole Johan Vierdal (til høgre) klarte å samle Sp om å gå inn med kapital i kriseramma Øyane Asvo i Etne. Frå venstre gruppeleiar Åsmund Kalstveit, Inga Øverland Apeland, Anders Haugland og Kjetil Skartland. Med ryggen til Olav Eikeland og Arne Bergsvåg. Foto: Jon Edvardsen


    Jon Edvardsen

    Den kommunalt eigde arbeidsmarknadsbedrifta Øyane Asvo AS i Etne er i tung sjø på grunn av at inntektene er i utakt med gjelda i selskapet. Selskapet går med underskot, og reknar med at det raude talet for inneverande år blir på 1 million kroner.

    Det fører til likviditetsproblem, og mangelen på kontantar er bakgrunnen for at eigarane Etne og Vindafjord går inn med 1,5 millionar kroner kvar. Dei har også tidlegare bidratt for å lette på det økonomiske trykket.



    Lukka møte

    I Vindafjord har skepsisen vore stor, og ordføraralliansen gav klarsignal med éi stemme overvekt i kommunestyret på tysdag. Kapitalspørsmålet var oppe i vår, og ordførarpartiet Sp delte seg og ville ha fleire svar, og Ole Johan Vierdal tapte voteringa.

    Men denne gongen slutta partiet rekkjene om å bidra med 1,5 millionar kroner til Øyane Asvo. Opposisjonen med Ap, Høgre og Frp sa til slutt nei til det endelege vedtaket sjølv om alle partia kom til kommunestyret med utgangspunktet at dei vil tilføre selskapet kapitalen.

    Saka vart behandla for stengde dører i kommunestyret etter  avstemming der Ap, Høgre og Frp stemte for at presse og tilhøyrarar kunne få vere til stades.

    Etne godtar

    Det skapte reaksjonar at Vindafjord med 20 prosent av aksjane skulle bidra med like stor kapital som majoritetseigaren Etne. Difor krev Vindafjord at eksisterande aksjekapital må avskrivast, og at nye 1,5 millionar kroner frå kvar av kommunane, blir ny aksjekapital i selskapet.

    Det fører dermed til at kommunane skal eige 50 prosent kvar av aksjane i Asvo.

    Ordførar Sigve Sørheim i Etne er glad for vedtaket og hans syn er at dei bør akseptere ei slik løysing.

    - Vi må fatte nytt vedtak og eg skal ikkje forskottere kva det blir sjølv om det er klart kva eg meiner. Det er ei viktig sak for Etne at det blir ei positiv løysing for Asvo, seier han.


    Uklar om kreditorar

    Det mest springande punktet i vedtaket er føresetnaden om at det blir ei akkordløysing med kreditorane. Opposisjonen ville etter forslag frå Høgre at kreditorane skal bidra med å slette 30 prosent av gjelda.

    At fleirtalet ikkje ville stille eit konkret krav, betyr truleg at resultatet av akkordforhandlingar blir godtatt uansett. Slik må ein forstå ordførar Ole Johan Vierdal sitt svar på om det er eit vilkår eller ønske at kreditorane skal bidra.

    - Det er vel både ris og ønske, og eg håpar kreditorane kan gjere det lettare for Asvo og at det ikkje berre er kommunane som skal bidra. Vi har ikkje lagt sterke føringar i dette fordi eit konkret krav går greitt for nokon, men kan skape økonomiske problem for andre av kreditorane.

    Kritisk opposisjon

    Opposisjonen er også skeptisk til at kapitalen blir omgjort til aksjekapital og dermed større eigarpost for Vindafjord sin del. Høgre føreslo difor at dei 1,5 millionane skal vere rentefritt lån. I tillegg var kravet ei omstrukturering av drifta.

    - Det er himla stor forskjell på det vi føreslo og det fleirtalet vedtok. Det nyttar ikkje berre å gå inn med kapital når selskapet tapar pengar på det det gjer. Det er ikkje berre gjeld som er problemet. Asvo er ikkje ei tradisjonell arbeidsmarknadsbedrift og konkurrerer i marknaden som alle andre. Difor meiner eg det ikkje er kommunen si rolle å engasjere seg i eit slikt selskap, seier Terje Kleiven.

    Han meiner majoritetseigaren Etne burde rydde opp i selskapet.