Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 334

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 09.09.2012

    Vann 50.000-kroners bursdag

    Blant 1.000 innsendte konkurransesvar, var det grunngjevinga frå Frida I. Bjelland (6) juryen likte best. Laurdag fekk ho premien sin, eit bursdagsselskap verdt 50.000 kroner.

    Seks år gamle Frida I. Bjelland og mamma Cathrine Ingebrigtsen koste seg med ei bursdagfeiring utanom det vanlege. Foto: Anne Karine Stautland

     

    Anne Karine Stautland

     

    Utanfor barnehagen i Ølensvåg er det pynta med fargerike ballongar, og på den rosa løparen som er rulla ut for anledninga, spankulerer forventningsfulle prinsar, prinsesser, feer og andre eventyrfigurar. Hovudpersonen sjølv, seks år gamle Frida I. Bjelland frå Ølensvåg, tek spent imot gjestene.

     

    Beste svar

    - Dette har ho gledd seg til lenge, fortel mamma Cathrine Ingebrigtsen, som mest ikkje kunne tru beskjeden ho fekk då telefonen ringte ein dag i mai - dottera hadde vunne ein draumebursdag frå Freia og Kraft Foods Norge til ein verdi av 50.000 kroner.

    På Mega i Ølen hadde Ingebrigtsen tidlegare plukka opp ein konkurransefoldar, der ho med 25 ord hadde skrive kvifor Frida ønskte å vinna ei bursdagsfeiring utanom det vanlege.

    - Eg skreiv kort at Frida har vore inn og ut av sjukehus sidan ho vart fødd, og at ho har blitt sondeernært i alle år. Dette ville bli den første bursdagen utan magesonde, i tillegg til at ho er seks år og skulejente, noko som må feirast skikkelig, fortel Ingebrigtsen.

    Og blant 1.000 innsendte svar, var det Frida som trefte juryen best. - Hennar motivering var den aller beste, seier jurymedlem Michael Johanson til Grannar, og forklarer at målet med kampanjen er å skapa glede.

     

    Eventyrmat

    Gleda er stor hjå den vesle jubilanten når ho kan riva papiret av den eine gåva etter den andre. På ønskelista står ting til dokka hennar, og leikesamlinga veks i takt med haugen av gåvepapir.

    Medan Frida opnar presangar, gjer Rødhette og Snehvit klar festmaten. Sonja Marie Solheim og Mette Rye-Larsen, som skjuler seg bak eventyrkostymane, diskar opp med sommarfuglpizza og brus til dei 25 gjestene rundt langbordet.

    - Frida er veldig heldig som vann eit slikt selskap, meiner storesøster Emma Ingebrigtsen og søskenbarnet Ulrikke Ingebrigtsen som begge tykkjer det er gøy å vera i selskap. Dei gler seg spesielt til å slå hol på pinjataen som heng i taket, og er spente på kor mykje godteri som då vil dryssa ut.

     

    Ønskte seg leikehytte

    Seks år gamle Frida, som tykkjer det er fint å ha byrja på skulen, var ikkje i tvil om at det var eventyr som skulle vera tema for selskapet hennar, og temaet viser att i pynt og mat. Muffins dekorerte som prinsesser, gele forma som eit langt tusenbein og masse sjokolade er noko av det som blir sett fram. Med i premien er òg gåver til gjestene og ei bursdagsgåve Frida har sett fram til lenge, ei stor leikehytte i tre, som ifølgje foreldra skal monterast i hagen så snart som råd. Her skal ho leika med dokkene sine.

    I bursdagsselskap er leiker ein sjølvskriven post. Alle får napp når dei slengjer fiskesnøret ut i dammen, og dei som vil stiller seg i kø for ansiktsmåling.

    - Det er gøy, forsikrar bursdagsbarnet med eit stort smil, før ho nok ein gong må bortom gåvebordet for å kikka litt.