Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 337

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.09.2012

    Kutta telefonen til presten

    Kvar soknepresten i Vikedal skal ha kontor, har vore heilt til Kyrkjedepartementet. Kommunen kutta linjene slik at presten sat utan telefon og internett.

    Vindafjord kommune fjerna telefon- og internettilgang for soknepresten i Vikedal, Harald Eintveit, trass i at verken han eller Stavanger bispedømmeråd har akseptert det nye kontoret kommunen vil gi han. Arkivfoto

     

    Av Jon Edvardsen

     

    Den 24. juni kutta Vindafjord kommune fasttelefonen og internettilgangen til sokneprest Harald Eintveit på kontoret hans i det tidlegare rådhuset i Vikedal.

    Der held presten framleis hus, og Stavanger bispedømmeråd har nettopp skaffa han mobilt breiband, og fellesrådet i Vindafjord har kjøpt berbar pc.

     

    Flytte til barnehage

    Presten har sidan 2009 hatt kontor i det tidlegare rådhuset i Vikedal, men så selde kommunen bygningen til ein privatperson. Dermed starta striden om kyrkja sitt kontor i den indre delen av Vindafjord.

    Naturleg nok vil den nye eigaren ha husleige, men det vil ikkje Vindafjord kommune betale for.

    Rådmann Kristian Birkeland føreslo at sokneprest Eintveit skulle flytte kontoret til den tidlegare kommunale barnehagen i Vikedal. Men det vil ikkje soknepresten, og han har fått støtte av Bispedømmerådet og prosten i Nordre Ryfylke prosti som også vende tommelen ned for barnehagen.

     

    Avtale om presten

    Kommunen og fellesrådet har ein såkalla tenesteavtale der kommunen forpliktar å skaffe prestane kontor i Vikedal, Skjold og Ølen. Men når soknepresten ikkje vil, så skal han, og kommunen kutta både fasttelefonen og internettilgangen på kontoret i det tidlegare rådhuset.

    Det skal vere ein avtale mellom kyrkja og kommunen at presten skal ut når kommunen kvitta seg med rådhuset.

    Problemet var at fleire geistlege instansar, inkludert sokneråda i Imsland, Vikedal og Sandeid, ikkje synest det er ein god ide at presten skal inn i den tidlegare barnehagen.

    Men det står kommunen fast på og vil ikkje betale for noko anna. Dermed har Vindafjord kyrkjelege fellesråd tatt pengar av eit frå før magert budsjett for å betale for prestekontoret i det tidlegare rådhuset.

    Tilbodet frå huseigaren som er lagt på bordet, er 48.000 kroner i året dersom presten skal ha kontor der i framtida.

     

    Saman med SFO

    Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit og leiar i fellesrådet, Terje Kleiven, har tala saka overfor bispedømmerådet, og deretter klaga vedtaket i Stavanger inn for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Men departementet vil ikkje godkjenne ny kontorstad, og viser dessutan til at bispedømmerådet har ansvaret for å godkjenne kontoret til prestane.

    Høgrepolitikaren Terje Kleiven er den første politikarrepresentanten i fellesrådet som er valt til leiar i rådet. Som sentralt plassert politikar er han på begge sider av bordet sidan det er kommunen som gir fellesrådet pengar. Han seier det er uproblematisk sidan han som politikar ikkje er med å behandle saker der fellesrådet er part.

    Sokneprest Harald Eintveit har karakterisert kontoret i barnehagen som fornedrande. Argument som blir dratt fram er at det er små kontor både for prest og sekretær, og at det totalt sett ikkje er nok areal til å fylle behovet. Det blir også vist til at skulefritidsordninga har hus i same bygningen (SFO).

    Både kyrkjeverje Tveit og rådmann Birkeland stiller seg uforståande til at det ikkje er godt nok sidan barnehagestyraren har hatt kontor der.

     

    Pinleg, meiner sokneråd

    Dei nye sokneråda og fellesrådet som vart valt inn hausten 2011, har arva den uløyste striden. Tidlegare i år var difor dei nye sokneråda i Imsland, Vikedal og Sandeid på synfaring i barnehagen for å vurdere kontortilbodet. Leiarane Jolaug Sæle Kaldheim (Imsland), Herdis Marie Pedersen (Vikedal) og Rakel Årak (Sandeid) har overfor fellesrådet påpeika at det vil vere nærmast pinleg å tilby folket i dei tre bygdene eit prestekontor i den tidlegare barnehagen. Sokneråda er meir overbeviste etter synfaringa om at fellesrådet må leige kontor i det gamle kommunehuset.

    Dagens status er at barnehagen i realiteten er ute av bildet og at kyrkjeverja tilrår at soknepresten i Vikedal skal ha kontor i rådhuset i Ølen. Fellesrådet hadde møte 28. august og vedtok å utsetje saka til møtet 16. oktober. Eintveit som er bispedømmerådet sin representant i fellesrådet, vart erklært inhabil.