Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 03.09.2012

    Tok tre floger i ein smekk

    Éin person kan knyttast til samtlege kriminelle handlingar i Ølen sentrum natt til sundag.

     

    Det stadfestar politibetjent Arild Austrheim, politibetjent ved Vindafjord lensmannskontor ovanfor Grannar.

    Først fekk politiet melding klokka 03.11 om at ein mann hadde brote seg inn i ein leilegheit. Den kvinnlege eigaren fekk seg ei støkk då ho såg mannen i stova si, men då stakk han av. Det er framleis usikkert om mannen stal noko frå leilegheita.

    Då politiet kom til staden, ante dei kor dei skulle leite etter mannen, som er ein del av rusmiljøet i distriktet. Framme på adressa fann dei ikkje mannen, men derimot ei mengde narkotika og GHB. Tre-fire personar var tilstade, og politiet har meldt to av dei for forholdet.

    — Dette er eit kjent rusmiljø for oss, som me besøker ofte. Mykje av grunnen elles er å sikre at dei ikkje får ny rekruttering av unge til miljøet, seier Austrheim.

    Klokka 08.00 slo den ettersøkte mannen (21) til igjen. Denne gongen braut han opp eit kjøkenvindauge og stal lommebok med kontantar og kort. Knappe 1,5 timar seinare vart han pågripen av politiet og sitt no i sentralarresten i Haugesund.