Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 336

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 03.09.2012

    Tomt til sjø gjekk for 2,3 millionar

    Ein fritidseigedom med hytte, uthus, naust og djupvasskai på Molnes langs Skåneviksstranda vart sist veke selt for 710.000 kroner over prisframlegget.

    Fritidseigedomen på Molnes langs Skåneviksstranda i Etne inneheldt hytte, uthus, naust og djupvasskai, og vart sist veke selt for 2,3 millionar kroner, trass i at bygningane må renoverast. Foto: Birger Hovland

     

    Av Anne Karine Stautland

    Fritidseigedomen på over 1.500 kvadratmeter ligg solrikt til heilt nede ved sjøen, og vart i salsprospektet presentert med ein salssum på 1.595.000 kroner. Det var òg opplyst at hytta som vart bygd i 1973, bar preg av manglande vedlikehald, og at alle bygningane måtte renoverast. 

     

    Stor interesse

    — Eg hadde aldri venta så stor interesse for eigedomen, seier eigedomsmeklar Vidar Opheim i Eiendomsmegler A.

    Han fortel om over 30 interessentar, og fleire som var med på bodrunden. Før eigedomen skulle visast fram, var det allereie kome inn bod på 2 millionar kroner. Eigedomen vart selt for 2,3 millionar, 45 prosent meir enn rettleiande pris, eit overskot som ifølgje eigedomsmeklaren er svært uvanleg.

    — Her var det snakk om totalrenovering. Mange av dei interesserte sa at dei ville ha rive hytta og bygd nytt, dersom dei skulle kjøpa eigedomen, seier han.

    — Så det var sjølve eigedomen dei var interesserte i?

    — Det folk vil ha er ei hytte, helst med strandlinje, som ligg solrikt til, forklarer han, og seier fleire har teke kontakt med han og meldt frå at dei er interesserte i liknande eigedomar.

     

    Riv og byggjer nytt

    Sjølv meiner han det var desse kriteria, saman med storleiken på eigedomen, som var grunnen til den store interessa.

    — Folk ser verdien i å eiga strandlinjer. Det blir ikkje regulert nye bustader eller hytter i 100-metersgrensa, og då får folk tak i gamle eigedomar der dei riv og byggjer nytt, seier han.

    Sjølv om Opheim hadde rekna med at eigedomen skulle bli selt, hadde han ikkje trudd at prisen skulle bli så høg.

    — Eg takserte eigedomen til 1.850.000 kroner for seks månader sidan. Det viste seg at eg bomma med den taksten, seier han.

    Eigedomsmeklaren vil ikkje svara på kor mykje han tener på at prisen går så høgt over prisframlegget, men seier det er vanleg å avtala ein prosentsats for heile kjøpet.

    — Både forbrukarrådet og Tom Stavi, økonomileiar i Dine Penger, tilrår kunden å betala 2,5 prosent, men denne kunden fekk ein god pris fordi han drog meg opp då eg hadde køyrt meg fast på Vintertun i vinter, seier Opheim.

     

    — God råd

    Det er ikkje berre fritidseigedomar med strandlinje som gir høge salsprisar.

    — Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg selde den dyraste tomta som er selt i Sandeid, seier han, og fortel om ei bustadtomt med strandlinje på nedsida av Østebøfeltet. Prisframlegget var på 1,25 millionar kroner, tomta vart selt for 1,5 millionar. To år tidlegare gjekk nabotomta for 1,22 millionar.

    — Har folk god råd?

    — Generelt verkar det som om folk har mykje pengar. Etter at kravet om eigenkapital på 15 prosent kom, har me merka at ungdom slit meir, men for denne type eigedomar er det helst eldre folk som er interesserte.

    — Kan folk sitja på store verdiar utan å vera klar over det?

    — Dei fleste er nok klar over det, men det finst ein del som trur eigedomen er lite verd fordi det er mykje å gjera. Det treng ikkje vera utslagsgivande for prisen, seier han, og meiner det i slike tilfelle kan vera vel verdt å ta kontakt med ein eigedomsmeklar.

    — Det er absolutt marknad for denne type eigedomar.

     

    LES MEIR I MÅNDAGSUTGÅVA AV GRANNAR