Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 31.08.2012

    I helga blir du bilbeltesjekka

    Statens vegvesen aksjonerer.

    Frå ein tidlegare bilbelteaksjon. Illustrasjonsbilde

     

    Er du flink til å bruke bilbelte når du køyrer bil, har du lite å frykta, og då er du i godt lag! er du blant dei som ikkje bruker bilbelte, risikerer du eit gebyr på 1.500 kroner.

     

    Me har ein veg å gå før alle bruker bilbelte og fester det på rett måte, og difor startar Statens vegvesen årets bilbelteaksjonsveke frå i dag fredag 31. august - søndag 2. september over heile landet.

     

    Ifølgje etaten sine kontrollar brukar 9 av 10 belte i tettbygd strøk, og enno fleire ute på landevegen.

     

    Av dei som døyr i bilulukker har om lag 40 prosent likevel ikkje nytta bilbelte. Bilbelte er det enklaste og mest effektive hjelpemiddelet for å redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken.

     

    Størst risiko i ungdomsgruppa

    - Denne helga har me auka fokus på bilbelte, og me vil retta merksemda spesielt mot ungdomsgruppa.  Ungdomane er ikkje dei verste i beltebruken, men det er denne gruppa som har størst risiko for å hamna i ei alvorleg trafikkulukke, seier Thorbjørn Thiem som er kampanjeansvarleg i Region vest.

     

     

    Er du like flink til å bruke belte i buss og taxi?

    Årets store bilbelteundersøking viser at under 4 av 10 brukar bilbelte i buss.

     

    - Dette er for dårleg, spesielt når me veit kor store og alvorlege konsekvensar ein bussvelt kan få. Mange er ikkje klar over at dei kan bli alvorleg skadd og drepne av andre passasjerar som blir kasta rundt inne i bussen fordi dei ikkje sit sikra med beltet i setet, seier Thiem.

     

    Undersøkingar visar at ikkje alle brukar bilbelte når dei sit i baksetet. Ein vaksen person som sit i baksetet utan bilbelte, vil treffa forsetet med ei kraft på eit par tonn om det skjer ein frontkollisjon i 50 km/t.

     

    Rett bruk

    Bilbelte skal ein festa tett inntil kroppen, og det skal ikkje vere vridd. Det skal ligge stramt nede på hoftene og alltid over skuldra. Når bilbeltet er klikka på, er det lurt å stramma til.

     

    Statens vegvesen sine kontrollar skal vere førebyggjande og få fleire til å bruke bilbelte.