Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 334

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 29.08.2012

    Skapte virak som niåring

    Haldis Lie (69) var berre ni år gamal då ho gjorde eit sensasjonelt funn.

    Haldis Lie minnast 60-årsjubileet med eit besøk på Bruteigsteinen der ho la ned blomar. Foto: Privat

    Av Arne Frøkedal

    Ni år gamal heldt Haldis Lie på sin store løyndom i fleire månader. Då ho fortalte om funnet, slo det ned som ei bombe.

    60 år har gått sidan Haldis Lie (69) gjorde det oppsiktsvekkande funnet av helleristningar på Bruteigsteinen på Flåte i Etne. Ho markerte jubileet i sommar med å reisa heim for å legga ned  blomar på «steinen sin».

    - Eg skulle ynskt steinen og helleristningane blei betre ivaretatt. Det er litt vemodig å tenkja på at om få generasjonar vil dette fine kunstverket vera viska bort av vêr, vind og annan slitasje, seier ho i dag.

     

    Løyndom

    For mange er Haldis Lie mest kjent som dama med ljåen som i fleire år gjorde det så skarpt under slåttetevlinga på Etnemarknaden. Færre kjenner til historia om den vesle skulejenta på Frette som heilt åleine kom over skatten på Bruteigsteinen ein dag i mai eller juni i 1952, men let vera å fortelja om det til nokon før ho sleppte ut løyndomen i ein skulestil tidleg i november.

    - Læraren hadde tidlegare skulda meg for at eg hadde fått andre til å skriva stil for meg. Den var for god til at eg kunne ha skrive den sjølv. Difor ville eg gi han ein stil ingen andre kunne ha skrive, fortel dama som nå bur i Haugesund og som i haust fyller 70 år utan å ha eitt einaste grått hår.

    Ho minnest framleis oppstyret då lærar Trygve Vinje, seinare ordførar i Etne kommune, las stilen som var illustrert med teikning av ein stor solring og to djupe offerhol.

     

    - Bombe

    - Det var litt av ei bombe som blei detonert på Frette skule den dagen. Læraren blei med oss heim rett frå skulen. Dette ville han straks sjå!

    Og det var mykje å sjå. Steinen vart etterkvart reinska for mose og jord, og eit mylder av bergbilete kom fram. Læraren sendte bod til Bergen Museum, og det gjekk ikkje lang tid før det kom folk derifrå, og dei gjorde eit grundig arbeid med å teikna opp og fotografera alle figurane som var hogde inn i steinen, minnest Haldis Lie.

    Bergens Tidende tok saka, og skreiv om funnet til jenta og trykte stilen niåringen hadde skrive. Professorar engasjerte seg i det som er eit av Vestlandets største og flottaste helleristningar. Feltet utmerkar seg med å vera rikt på bilde og med stor variasjon.

     

    Stolt

    Det Haldis kom over den vakre vårdagen for 60 år sidan, er i dag eit kjent og mykje omtala kulturminne. Jenta hadde gått ein tur for å sjå etter sauene som gjekk og beitte innafor Flåteelva ved Stordalsvatnet. Ho ville nyta den fine dagen, og klatra opp på Bruteigsteinen og sette seg ned.

    - Etter ei lita stund kom det fram fleire ringar og små holer i steinen. Eg forstod at eg hadde gjort eit rikt funn frå gamal tid, men bestemte meg for at eg ville halda dette hemmeleg for alle, også dei heime, til bruk i ein skulestil, fortel Haldis Lie.

    Steinen har seinare fått brei omtale i Trond Lødøen og Gro Mandt si bok, «Bergkunst - helleristningar i Noreg» (Samlaget, 2005). Sjølv synest finnaren at kommunen har gjort lite vesen av ho som gjorde dette storfunnet.

    - Sjølv er eg iallfall stolt, og eg har informert dei som har overtatt garden etter mine foreldre om kva skatt som er på eigedommen. Dessverre er skiltet som viser vegen til Bruteigsteinen borte. Trist er det også at steinen ikkje er sikra slik at dyr kan gå opp på steinen, seier Haldis Lie.