Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 336

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 28.08.2012

    Klare for motesal

    Lanseringa av kleda til Norwegian Rat nærmar seg med stormskritt.

    Lanseringsklare: Kvartetten bak Norwegian Rat, Sølve Olden Mala, Siri Sveen Haaland, Thomas Thomassen og Trond Viskjer gler seg til motepremieren. Arkivfoto: Elin B. Øvrebø

     

    Av Elin B. Øvrebø


    Frå midten av september blir produkta til det nye moteselskapet tilgjengelege for sal. I første omgang er åtte forskjellige klesplagg klare til å få nye eigarar gjennom nettbutikken. Kan det kan freiste med ei ekte Skakkejakke? Oppkalla etter Etne sine store son, Erling «Skakke» Ormsson.

    Dei lokale klesgründerane, tre av dei frå Etne og designer frå Sveio, er også i dialog med større kjeder, men førebels er det ikkje signert nokon avtale.

     

    Hovudkontor i Oslo

    13. september brakar det laus med stor lanseringsfest i Oslo, fortel marknadsansvarleg Sølve Olden Mala som gler seg som ein unge til lanseringa.

    - Eg kjenner på ei blanding av skrekkblanda fryd og kaos inne i meg. Det er kjempespennande å endeleg få kleda våre ut i butikkane, seier han og avslører at gruppa går med tankar om å starte opp ein eigen fysisk butikk utanom nettbutikken.

    Norwegian Rat har hovudkontor i Oslo, men skal sende frå Stavanger. Etne blir også diskutert som mogleg distribusjonsstad, og det er til denne kommunen dei kreative klesmakarane ønskjer å skatte til. Norwegian Rat består av designaren Siri Sveen Haaland frå Sveio, som tidlegare har vunne fleire prisar for designen sin, og etnebuane Thomas Thomassen, Sølve Olden Mala og Trond Viskjer.

     

    Hyllest til norskerotta

    Som Grannar skreiv i februar er Norwegian Rat meir enn ein rak motsetning til det fargerike merket Moods of Norway. Kleda er ein hyllest til norskerotta som bilete på fascinasjonen for undergrunnsmusikk og mørkare norsk historie, for eksempel svartedaude. Kleda kjem difor berre i fargetonar som rotta kan sjå, blant anna ei svart dongeribukse kalla «1349» og sokkar med namnet «Magnus Barfot».

    Innanfor musikkmiljøet har Norwegian Rat allereie blitt eit kjend namn. Band som Kvelertak og Megaphonic Thrift har brukt T-skjorter signert den moteglade firkløveren både under konsertar og på musikkvideoane sine. Norwegian Rat har også ein finger med i spelet i musikkinnovasjonsprosjektet «Made in Etne», som Grannar har skrive om tidlegare.