Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 26.08.2012

    Styrkte leiinga

    Ingvar Auestad, som køyrer for NMK Vikedal, styrkte leiinga i Vestlandsmesterskapet

    Ingvar Auestad har bygd om radiator og kjølevifte i bilen for å få meir effektiv kjøling. Han var svært nøgd med resultatet. Foto: Anci C. Tinde

     

    Anci C. Tinde

    I bilcross var det Knut Endre Ringhagen som trekte det lengste strået.

     

    - Eg er fornøgd og synest ting fungerte greitt etter alle ombyggingane på bilen. Eg har bygd om radiator og kjølevifte i tillegg til at ein del røyr og slangar er bytte ut. Me måtte få litt meir effektiv kjøling, forklarer Ingvar Auestad som fekk problem med motoren sist han køyrde i Vikedal og stilte til start med ny motor i sin Volvo 240.

     

    Skeie stod over

    Auestad leia Vestlandsmesterskapet med to poeng over Geir Harald Skeie før laurdagens tredje løp i meisterskapen. Skeie stilte ikkje til start og dette opna for ytterlege avansement for Auestad.

    - Skeie hadde noko skit i innsuget på motoren og valde å stå over bakkeløpet, fortel Auestad.

    Det var Ørjan Lutsi frå NMK Jørpeland som køyrde raskast av alle. Han klokka inn på tida 1.20.23 og var over sekundet raskare enn Ørjan Strand Eikeland som hamna på andreplass. Auestad blei nummer åtte med tida 1.24.26.

     

    Bakkeløp

    Det var bakkeløp for rallycross og bilcross sprint som stod på programmet laurdag. Bakkeløp er ei konkurranseform der det er farten som tel. Bilane startar enkeltvis, og løypa kan vere ein avstengt veg- eller banetrasé på minimum 800 meter med stigning mellom start og mål. Det blir køyrt tre rundar der det fyrste berre fastset start rekkjefølgja før sjølve konkurransen. Vinnaren blir den som får best tid på eit av dei to neste løpa.

    - Me har ein fire-fem løp i året og då er det gjerne rallycross og bilcross. Bakkeløp, sånn som me har i dag, blir ikkje arrangert så ofte. Eg trur det var i 2006 me siste hadde eit slikt løp. Det er mest for å ha variasjon for førarane, seier Dag Fisketjøn, leiar i NMK Vikedal.

     

    Aktiv klubb

    I følgje Fisketjøn har NMK Vikedal 200 medlemer og av dei er 100 aktive førarar. Det er eit aktivt miljø både for rally- og bilcross.

    - Dei som driv rallycross har gjerne starta med bilcross fyrst, men der er det reglar som gjer at du kan miste bilen. Somme vil derfor heller kjøpe seg ein dyrare bil enn å bruke mykje pengar på ein bil dei kan miste, forklarer klubbleiaren.

    - Det er tenkt sånn at bilcross skal vere ein billig sport der det ikkje kjem an på bilen kven som vinn, legg han til.

     

    Berre rally

    Auestad har aldri køyrt bilcross, men gjekk rett på rallyklassa.

    - Eg bygde min fyrste bil i 2001 til 2003. Eg hadde eigentleg tenkt å køyre bilcross med den, men bilen blei såpass dugande at me valde å stille i rallycross. Bilen hadde garantert blitt selt dersom eg hadde stilt i bilcross og det ville eg ikkje. Eg valde heller å byggje den skikkeleg og behalde den sjølv.

    I følgje Auestad er ikkje sporten noko å bli rik av.

    - Det er rein utgift for oss som ikkje har sponsorar. Det har likevel ikkje kosta meg så mykje fordi eg gjer det meste sjølv. Med god hjelp frå venner.

    Søndag blei det køyrt ein ny runde i Vestlandsmesterskapet. Då både for rally- og bilcross samt juniorklassene.