Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 339

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 24.08.2012

    Nye søk og målingar i fjorden

    Gjennom målingar har kystvakta kartlagt straumforholda i Etnefjorden. Måndag gjorde dei nye søk etter dei tre polske mennene som er sakna i fjorden.

    Kystvaktskipet «Tor» i aksjon i Etnefjorden tysdag, her i området mellom Bjørgjo og hyttene på Osnes der dei sakna polske mennene budde. Foto: Arne Frøkedal

     

    Av Anne Karine Stautland


    Under Etnemarknaden, første helga i august, var kystvakta i Etnefjorden for å kartleggja straumforhold i fjorden der tre polske menn er sakna. I byrjinga av denne veka var dei tilbake, og føretok òg grundige ettersøk.

    Skipssjef på kystvaktskipet KV «Tor», Anders Krakstad, fortel til Grannar at skipa har bøyer dei bruker til å berekna straumen i fjorden.

    - Slik kan me spora kor eit eventuelt flytande objekt vil enda, seier han, og fortel at dei har laga ein illustrasjon som dei har overlevert til politiet.

    Drivbøya er ein stor, rund ball med vekt i, som driftar, og blir blant anna brukt under oljevernaksjonar.

    - Bøyene blir sette ut i eit døgn eller to. Dersom dei set seg fast, flyttar me dei, og gjer nye målingar. Slik får me ein indikasjon på kor straumen går hen, og kor noko vil enda, dersom det flyt opp, seier han, og forklarer at slike målingar vart gjort den første helga i august.

     

    - Sterke indikasjonar

    - Kva har de funne ut?

    - Det er sterke indikasjonar på at straumen går innover mot Melandsholmen og Gjerdsvik (i Osvågen, red. anm), seier Krakstad.

    - Vind, vêr og forskjellig tidevatn verkar inn, men resultatet frå målingane indikerer at det er sørsida av fjorden som er den mest aktuelle staden å leite etter dei omkomne mennene, seier han. Sjølv om ein ikkje veit kor mennene gjekk ned, seier Krakstad det er ganske samanfallande kor straumen gjekk, og viser til at bøya vart sett ut på ulike stader, men likevel enda opp på same staden. Han vil likevel ikkje utelukka nokre stader, og understrekar at målingane som er gjort berre er eit verktøy for å vita kor dei kan leita.

     

    Grundige ettersøk

    Måndag gjorde KV «Tor» eit grundig ettersøk i fjorden, der det vart søkt med småbåt langs Etnefjorden, ved Romsa-øyane, langs land ved Haugsundet mellom Haugsgjerde og Romsa, og eit lite stykke inn i Ølensfjorden, men dei fann ikkje spor etter dei tre.

    - Me var i området og hadde tid til å søkja, fortel Krakstad.

    Han seier det ikkje er planar om ytterlegare søk, men dersom dei har tid og politiet ønskjer det, er dei interesserte i å hjelpa til.

     

    To månader sidan

    I går var det to månader sidan ein 28 år gammal polsk mann vart funnen omkomen ved Bjørgjo, på sørsida av Etnefjorden. Fredag 22. juni la han saman med tre kameratar ut på fisketur i ein 16 fot open båt med ein fire hestar påhengsmotor. Mennene var saman med fleire andre på ferie og jobbsøknad i distriktet, og budde i ei hytte på Osnes.

    -   Det skjer ikkje vidare søk no, seier lensmann Ingvar Gjærde.

     

    Minnemarkering

    Pårørande etter dei omkomne har blitt inviterte til minnemarkering i Etne.

    - Me har førebels sett av helga 22.-23. september, men har ikkje fått tilbakemelding på om dette passar, seier ordførar Sigve Sørheim.

    Kommunen vil vera med og ta kostnadene for to medlemmer frå kvar av dei ramma familiane, og Sørheim seier markeringa blir eit samarbeid mellom politi, prest og kommune.

    - Planen er at politiet skal informera om søk og leiting, og me vil òg prøva å få med Røde Kors og andre frivillige, seier han.

    På det førebelse programmet står òg minnemarkering i kyrkja, og tur ut på fjorden i båt for å leggja ned blomar.