Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 334

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 23.08.2012

    Politiet ber om tips

    Politiet ber om tips etter å ha fått melding om grovt skadeverk på Osnes og tjuveri i Stordalen.

     

    Onsdag morgon vart det funne ei kanne med etsande væske som kunne innehalda saltsyre ved ein skogsmaskin på Osnes i Etne. Politiet vart varsla, og meldar meinte det kunne sjå ut som om loket på dieseltanken hadde vore opna. Like ved var òg ein separat dieseltank.

    - Dei våga ikkje starta maskinen før tanken hadde blitt tømt og reinsa, og har sjølv levert inn prøvar til Felleskjøpet. Desse er sendt vidare til analyse, seier lensmann i Etne, Niljann Hustoft. Han opplyser at det er oppretta sak på forholdet.

     

    Fryktar sabotasje

    Ifølgje politiet inneheldt væska som var på den 20 liter store kanna 37 prosent saltsyre, og det er stadfesta at loket til drivstofftanken har vore opna.

    - Meldar fryktar det er snakk om ei sabotasjehandling og at uvedkomande har helt innhaldet på tanken, eventuelt òg i drivstofftanken ved sida av. Saka er politimeldt som grovt skadeverk, seier Hustoft.

    Begge tankane vart tømde og reingjorte, og det er stipulert eit tap på 25.000 kroner for ein dags tapt arbeid. Maskinen det er snakk om er ein Timberjack, ein lastetraktor for framkøyring av tømmer.

    - Kva kunne skjedd om maskinen hadde blitt starta og det var saltsyre på tanken?

    - I verste fall kunne det ført til maskinhavari, seier lensmannen.

     

    Stal påhengsmotor

    Same morgon fekk politiet melding om tjuveri av ein påhengsmotor ved Østebøhammaren i Stordalen. Eigaren av ein plastbåt med ein 5 hk Yamaha påhengsmotor med separat bensintank oppdaga onsdag morgon at motoren var stolen.

    - Tjuveriet er nok gjort frå europavegen, seier Hustoft. Han viser til at tjuvane har trekt båten inn til land, klipt av kjettingen og hengelåsen motoren var festa med, samt klipt av gummislangen til den separate tanken som var i båten. Denne var påmåla telefonnummer, og difor truleg ikkje interessant.

    Lensmannen ber publikum som kan ha sett noko om å ta kontakt med lensmannskontoret i Etne eller Vindafjord.