Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 336

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 22.08.2012

    Lurte pantetjuven

    Tjuveri frå Ølen IL sine pantebuer er truleg ein saga blott.

    Ein av initiativtakarane til pantebuene til Ølen idrettslag, Arne Gunnar Habbestad, kunne gjennom etterretning gi politiet så konkrete opplysningar at ein pantetjuv vart tatt, i Åmot i Telemark. Foto: Jon Edvardsen

    Av Jon Edvardsen

    Etterretning frå privatpersonar førte til at politiet kunne ta pantetjuven som loppa Ølen idrettslag for pengar. Tatt på fersken ved ein panteautomat i Åmot.

    Politiet er glad for bidraget frå ein del lokale Sherloch Holmes i Ølensvåg. Lensmannskontoret har i utgangspunktet ikkje ressursar til å etterforske simpelt tjuveri av tomflasker.

    - Vi får håpe det er slutt med dette. Panten er ei viktig inntekt for idrettslaget, seier Arne Gunnar Habbestad.

    Han er ein av initiativtakarane i Omega i Ølensvåg som bygde og fekk i gang pantebuer i Ølen og Ølensvåg. Det er dugnadsarbeid og gir ikkje så få kroner i kassa til Ølen idrettslag.

     

    Loppa to gonger

    Difor var det ekstra surt at buene i Ølen og Ølensvåg vart loppa for tomgods to gonger i sommar. Det ramma også renommeet til ordninga der folk bidrar med ei skjerv til eit godt formål.

    Det siste tjuveriet var heilt i slutten av juli der pantebuene i begge bygdene vart tømde. Dei er plasserte ganske strategisk til med godt innsyn ved Kiwi og ved Ølen senter, men det hindra ikkje at nokon forsynte seg ulovleg.

    Men Habbestad og co hadde tatt sine forholdsreglar etter det første tjuveriet i juni. Dermed kunne dei overlevere gode spor i saka som resulterte i at ein sjåfør vart tatt ved ein panteautomat i Åmot i Telemark.

     

    På sølvfat

    Sjåføren av varebilen vedgjekk at tomgodset var frå pantebuene i Ølen og Ølensvåg, og butikken i tettstaden kunne også rapportere om litt meir aktiv panting i ein periode.

    Politibetjent Asbjørn Aarekol ved Vindafjord lensmannkontor seier at det var konkrete opplysningar frå det siste tjuveriet som gjorde at ein sjåfør i 20-åra i eit transportselskap på austlandet som køyrer fast rute til Vestlandet, kunne bli tatt av tenestemenn ved Åmot lensmannskontor. Sjåføren har utanlandsk opphav.

    - Vi etterforskar ikkje tjuveri av tomflasker, men i dette tilfellet visste vi at det er snakk om fleire tusen kroner og ei kjedeleg sak for idrettslaget. Konkrete opplysningar vi fekk inn gjorde til at vi kunne engasjere eit anna politidistrikt i saka. Tjuveriet hadde neppe blitt oppklara utan aktiv innsats frå dei som driv pantebuene, seier han.

    Politiet kontakta transportselskapet som beklaga sterkt at sjåføren har stole frå inntektene til frivillig arbeid. Mannen kan også vente seg ei bot.

     

    Tar risiko

    Arne Gunnar Habbestad vil ikkje blottleggje alle korta i etterforskingsmetoden sidan det i framtida skal vere utrykt for eventuelle andre med uærlege hensikter som nærmar seg pantebuene. Videokameraet til Statoil kloss ved var ei brikke som hjelpte til med å oppklare saka.

    Det er heller ikkje så mange bilar ute og køyrer klokka fem om natta.

    - Vi tipsa om det vi hadde og politiet gjorde ein god jobb for å oppklare tjuveria. Det er viktig for at ei slik panteordning skal fungere, seier Habbestad.

     

    Gode pengar

    Pantebua i Ølensvåg kom opp rett før jul i fjor, og ei tilsvarande i Ølen ved påsketider. Det har vist seg å vere ein suksess på inntektsfronten, og gir i gjennomsnitt 10.000 kroner i månaden til aktivitetane idrett og fotball i dei to bygdene.

    - Det synest eg er eit fantastisk beløp som er viktig å få, seier Habbestad.

    Det kom han for øyre at folk ikkje ville levere tomgods i pantebua når inntektene kunne ende hos heilt andre enn idrettslaget. Dermed engasjerte dei seg for å finne ut kven som stod bak tjuveria. At det var barnestrekar, trudde dei ikkje på sidan det var forholdsvis store mengder med tomgods og ingen hadde observert noko i det første tjuveriet.

    - No trur eg problemet er over, og folk kan trykt hive panten i buene og føle seg trygge på at idrettslaget får inntektene. Skulle nokon prøve seg, skal vi finne ut av det også, seier han.