Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

[email protected]

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 340

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 12.08.2011

    Guinness-rekord med gigantvaffel

    Joar Mortveit (23) frå Skjold sette i dag Guinness-rekord med eit 100 cm stort vaffeljern.

    Skjoldabuen Joar Mortveit (23) sette i dag Guinness-rekord med steiking av gigantvaffel på eit vaffeljern med ein diameter på 100 cm. Foto: Tor Andre Johannessen

     

    Guinness-rekorden blei godkjent med politirepresentant til stades då Joar Mortveit i dag steikte ein vaffel med ein diameter på 98 cm i det gigantiske vaffeljernet som har ein diameter på 100 cm.

     

    Rekordforsøket blei gjennomført på ein speidarleir på Karmøy der Mortveit sjølv deltar.

     

    Platearbeidaren frå Skjold har tenkt ein del på å laga eit slikt vaffeljern, og resultatet blei vellykka.

     

    Øvre og nedre steikedel veg omlag 100 kilo kvar, og totalvekta for vaffeljernet er rundt 250 kilo. Lokket blir heva og senka med hydraulisk pumpe, og jernet roterer med ein elektrisk 12 volts motor. Jernet blir oppvarma ved hjelp av fleire propanbluss både over og under stålplatene.

     

    For kvar vaffel går det med omlag 10 liter røre. Steiketida er på 20 minutt, og i dag fekk nærmare 300 personar smaka på rekordvaffelen.