Tips oss

Tipstelefon

Tips oss 

tlf. 975 70 789

tips@grannar.no

Meiningsmålinga

Har du tru på at alternativ behandling verkar?




  • 114%
     
  • 223%
     
  • 361%
     
  • Antall stemmer: 334

Last ned PDF

ny_front.jpg

Last ned PDF av vår avis

eller kjøp siste utgåve her

 

Veret

Andre stader i Grannar distriktet

/Users/arveskogen/Desktop/versymbol.jpg

Vervarsel for Etne

Vervarsel for Ølen

Vervarsel for Bjoa

Vervarsel for Sandeid 

Vervarsel for Skånevik 

Vervarsel for Rullestad 

Vervarsel for Vats 

Vervarsel for Skjold

Vervarsel for Vikebygd

Vervarsel for Vikedal

Vervarsel for Imsland 

Olalihytta

Hjørnås 

Grannar

Postboks 84
Etne senter
5591 Etne

Redaksjon:
53 77 11 00
975 707 89

Annonsar:
53 77 11 00

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 12.09.2012

    Krev at kreditorane bidrar

    Ordførar Ole Johan Vierdal fekk eit knapt fleirtal for å gi Øyane Asvo i Etne økonomisk naudhjelp. Kravet er at kreditorane bidrar og at Vindafjord får halvparten av aksjane i selskapet.

    Ordførar Ole Johan Vierdal (til høgre) klarte å samle Sp om å gå inn med kapital i kriseramma Øyane Asvo i Etne. Frå venstre gruppeleiar Åsmund Kalstveit, Inga Øverland Apeland, Anders Haugland og Kjetil Skartland. Med ryggen til Olav Eikeland og Arne Bergsvåg. Foto: Jon Edvardsen


    Jon Edvardsen

    Den kommunalt eigde arbeidsmarknadsbedrifta Øyane Asvo AS i Etne er i tung sjø på grunn av at inntektene er i utakt med gjelda i selskapet. Selskapet går med underskot, og reknar med at det raude talet for inneverande år blir på 1 million kroner.

    Det fører til likviditetsproblem, og mangelen på kontantar er bakgrunnen for at eigarane Etne og Vindafjord går inn med 1,5 millionar kroner kvar. Dei har også tidlegare bidratt for å lette på det økonomiske trykket.



    Lukka møte

    I Vindafjord har skepsisen vore stor, og ordføraralliansen gav klarsignal med éi stemme overvekt i kommunestyret på tysdag. Kapitalspørsmålet var oppe i vår, og ordførarpartiet Sp delte seg og ville ha fleire svar, og Ole Johan Vierdal tapte voteringa.

    Men denne gongen slutta partiet rekkjene om å bidra med 1,5 millionar kroner til Øyane Asvo. Opposisjonen med Ap, Høgre og Frp sa til slutt nei til det endelege vedtaket sjølv om alle partia kom til kommunestyret med utgangspunktet at dei vil tilføre selskapet kapitalen.

    Saka vart behandla for stengde dører i kommunestyret etter  avstemming der Ap, Høgre og Frp stemte for at presse og tilhøyrarar kunne få vere til stades.

    Etne godtar

    Det skapte reaksjonar at Vindafjord med 20 prosent av aksjane skulle bidra med like stor kapital som majoritetseigaren Etne. Difor krev Vindafjord at eksisterande aksjekapital må avskrivast, og at nye 1,5 millionar kroner frå kvar av kommunane, blir ny aksjekapital i selskapet.

    Det fører dermed til at kommunane skal eige 50 prosent kvar av aksjane i Asvo.

    Ordførar Sigve Sørheim i Etne er glad for vedtaket og hans syn er at dei bør akseptere ei slik løysing.

    - Vi må fatte nytt vedtak og eg skal ikkje forskottere kva det blir sjølv om det er klart kva eg meiner. Det er ei viktig sak for Etne at det blir ei positiv løysing for Asvo, seier han.


    Uklar om kreditorar

    Det mest springande punktet i vedtaket er føresetnaden om at det blir ei akkordløysing med kreditorane. Opposisjonen ville etter forslag frå Høgre at kreditorane skal bidra med å slette 30 prosent av gjelda.

    At fleirtalet ikkje ville stille eit konkret krav, betyr truleg at resultatet av akkordforhandlingar blir godtatt uansett. Slik må ein forstå ordførar Ole Johan Vierdal sitt svar på om det er eit vilkår eller ønske at kreditorane skal bidra.

    - Det er vel både ris og ønske, og eg håpar kreditorane kan gjere det lettare for Asvo og at det ikkje berre er kommunane som skal bidra. Vi har ikkje lagt sterke føringar i dette fordi eit konkret krav går greitt for nokon, men kan skape økonomiske problem for andre av kreditorane.

    Kritisk opposisjon

    Opposisjonen er også skeptisk til at kapitalen blir omgjort til aksjekapital og dermed større eigarpost for Vindafjord sin del. Høgre føreslo difor at dei 1,5 millionane skal vere rentefritt lån. I tillegg var kravet ei omstrukturering av drifta.

    - Det er himla stor forskjell på det vi føreslo og det fleirtalet vedtok. Det nyttar ikkje berre å gå inn med kapital når selskapet tapar pengar på det det gjer. Det er ikkje berre gjeld som er problemet. Asvo er ikkje ei tradisjonell arbeidsmarknadsbedrift og konkurrerer i marknaden som alle andre. Difor meiner eg det ikkje er kommunen si rolle å engasjere seg i eit slikt selskap, seier Terje Kleiven.

    Han meiner majoritetseigaren Etne burde rydde opp i selskapet.


     

    Nyhende

    Publisert 17.09.2012 - 15:52
    Nett_68-12-RiggkvartetWestcon_COSLPromoter_WestAlpha_DeepseaBergen_COSLInnovator2.jpg

    Riggar tett i tett i Ølensvåg

    Fire riggar ved verftet på ein gong er sjeldan kost.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.09.2012 - 18:26
    67-12-Nortura 11.JPG

    Lam med gode vekter

    Lam som passerer slaktelinja i Sandeid er tyngre enn på lenge på grunn av gunstige sommarbeite på fjellet.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 16.09.2012 - 14:26

    Mistenkt for rus

    Ein mann er sikta for å ha køyrt bil i påverka tilstand.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 15.09.2012 - 13:21
    59-12-Fotball Alfred Berge2.jpg

    Sikra Ølen poeng

    Alfred Berge var dagens mann då Ølen sikra seg eitt poeng mot Falkeid.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 14.09.2012 - 14:58
    Nett_66-12-Frp-camp nett.jpg

    Rundtur med campingvogn

    Lokalpolitikarar med ny vri.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.09.2012 - 17:16
    Nett_66-12-Vierdal m.fl-.jpg

    Krev at kreditorane bidrar

    Ordførar Ole Johan Vierdal fekk eit knapt fleirtal for å gi Øyane Asvo i Etne økonomisk naudhjelp. Kravet er at kreditorane bidrar og at Vindafjord får halvparten av aksjane i selskapet.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.09.2012 - 16:57
    Nett_66-12-flaum-illustrasjon.jpg

    Sjå langt etter godvêret

    Regn, regn og regn den neste veka.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 12.09.2012 - 11:10
    Nett_66-12-dieseltank2.jpg

    Tømte tanken medan sjåføren sov

    Dieseltjuven forsynte seg grovt av diesel.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.09.2012 - 18:59
    66-12-ulukke.png

    Sjåfør lettare skadd

    Flaks at det ikkje gjekk verre

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.09.2012 - 11:22
    Nett_66-12-trailer  opsalneset nett.jpg

    Ventar på den store smellen

    Bebuarane vil ha nedsett fartsgrense.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 11.09.2012 - 08:44
    Nett_66-12-Joakim Ronnevik - Foto Rune Johannesen.jpg

    Unge Rønnevik klar for NM-finale

    Joakim Rønnevik (16) er klar for å kjempa om nye poeng i NM-finalen i rallycross på Gardermoen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 09.09.2012 - 20:23
    65-12-Selskap_side1_nett.jpg

    Vann 50.000-kroners bursdag

    Blant 1.000 innsendte konkurransesvar, var det grunngjevinga frå Frida I. Bjelland (6) juryen likte best. Laurdag fekk ho premien sin, eit bursdagsselskap verdt 50.000 kroner.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 08.09.2012 - 10:54

    Slo til vakt

    Ein mann i 20-åra vart arrestert etter bråk natt til laurdag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 07.09.2012 - 09:22

    Ripa opp bil

    Politiet fekk i går kveld melding om at ein bil var ripa opp i lakken i Skjold.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 06.09.2012 - 16:16
    65-12-søppel i skogen.jpg

    Svinesti ved skytebane

    Dette synet møter folk ved bommen til skytebana på Fikse.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 05.09.2012 - 16:57
    Nett_86-11-harald eintveit 1.jpg

    Kutta telefonen til presten

    Kvar soknepresten i Vikedal skal ha kontor, har vore heilt til Kyrkjedepartementet. Kommunen kutta linjene slik at presten sat utan telefon og internett.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2012 - 14:22
    64-12-Westcon-Birkeland-Fridfeldt_l.jpg

    Westcon styrkar leiinga

    Westcon Group riggar seg for vidare vekst.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 04.09.2012 - 11:02
    Nett_64-12-Sannheims Blakka.jpg

    Førstepremie til merr

    Sannheims Blakka tok førsteplassen i kombinert utstilling.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2012 - 14:41

    Tok tre floger i ein smekk

    Éin person kan knyttast til samtlege kriminelle handlingar i Ølen sentrum natt til sundag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 03.09.2012 - 08:43
    63-12-Molnes1.jpg

    Tomt til sjø gjekk for 2,3 millionar

    Ein fritidseigedom med hytte, uthus, naust og djupvasskai på Molnes langs Skåneviksstranda vart sist veke selt for 710.000 kroner over prisframlegget.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 02.09.2012 - 08:56

    Innbrot og narkotikafunn i Ølen

    Politiet fekk nok å gjere på i Ølen natt til sundag.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2012 - 22:21
    63-12-mgp jr slutt.1.jpg

    Ikkje siger, men stornøgd!

    Skjold sitt store håp i MGP jr kom til superfinalen.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2012 - 14:09
    63-12-mgp jr.før finalen.jpg

    Superklar for finale

    Berge Ohm (15) er klar til å gi alt under kveldens finale i Oslo Spektrum

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2012 - 10:22

    Stal frå hus i Etne

    Ein mann tok seg inn i eit privathus og forsynte seg med fleire eigedelar.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 01.09.2012 - 10:16

    Bil totalskada i brann

    Ein bil vart totalskada i brann i Sandeid fredag kveld.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 31.08.2012 - 16:19
    Nett_63-12-Bilbeltekontroll .jpg

    I helga blir du bilbeltesjekka

    Statens vegvesen aksjonerer.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 30.08.2012 - 16:54
    63-12-Ulukke11.jpg

    Stabilt for 19-åring

    Den unge etnebuen som vart alvorleg skada då to bilar kolliderte i Ølen torsdag ettermiddag, er no flytta over til sengeposten ved Stavanger Universitetssjukehus.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 29.08.2012 - 17:09
    Nett_62-12-bruteigsteinen nett.jpg

    Skapte virak som niåring

    Haldis Lie (69) var berre ni år gamal då ho gjorde eit sensasjonelt funn.

    » Les heile saka

    Nyhende

    Publisert 29.08.2012 - 14:43
    Nett_62-12-Daniel Holten -X-boks.jpg

    Rally slo an blant oljefolket

    Daniel Holten og hans team gjer seg gjeldande på oljemessa.

    » Les heile saka